Vestland fylkeskommune
April 22, 2025
Tannpleiar
Eivindvik
Tannpleiar

Det er ledig 100% vikariat som tannpleiar ved Eivindvik tannklinikk fram til 15.01.26. Tiltreding snarast.

Klinikken har 3 tilsette, 1 tannlege, 1 tannhelsesekretær og 1 tannpleiar, som no skal ut i permisjon. Klinikken ligg i Eivindvik, som er administrasjonssenter i Gulen kommune i Ytre sogn. Ein øykommune med gode muligheter for eit aktivt friluftsliv. Ligg ca 40 minutt kjøring frå Sløvåg, der er det kjøpesenter med fleire butikkar og spisested.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

12.05.2025

Arbeidsgivar:

Vestland fylkeskommune

Stad:

Eivindvik

Stillingstittel:

Tannpleiar

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Vikar

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4928584668

Arbeidsoppgåver

Jobbe i fyrstelinjetenesta og ha ansvar for utadretta verksemd i samråd med klinikkleiar og kollegaerKlinisk arbeid som omfattar alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientarHalde seg fagleg oppdatert og følge gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt jobbe for å nå målsetnadane til Vestland tannhelsetenesteDelta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drift av klinikken

Kvalifikasjonar

Søkjar må ha autorisasjon som tannpleiar

Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg

Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar

Vi søkjer deg som:
Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
Arbeidar sjølvstendig og meistrar travle dagar
Er positiv og serviceinnstilt
Har gode kommunikasjonsevner
Har gode samarbeidsevner
Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
Ynskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste
Det vert vektlagt at søkar er personleg eigna til stillinga

Vi tilbyr

Løn etter gjeldande tariffavtale

Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Andre opplysningar

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk

Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova §25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjar bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.  Søkjar som har bedt om unntak, vil bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort

Gulen kommune er ei kystperle som ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har 2230 innbyggjarar.

Tannklinikken ligg i hjarte av Eivindvik sentrum. Det tek 3 minutt å gå til nærmaste butikk som er Spar Eivindvik.

Vi er behjelpeleg med å finne bustad om ein ønsker å arbeide i Eivindvik.

Vi har BUA som leiger ut gratis utstyr, vi har ein lokal kajakk-klubb der ein kan leige kajakk året rundt. Opplev lokal mat som Tveita gardsmat og Gulen pizzeria som ligger mellom Eivindvik og Sløvåg. I Sløvåg ca. 40 min frå Eivindvik har vi eit senter med ulike butikkar.  Ekspressbåten går til og frå Eivindvik (Sollibotn) til Bergen sentrum kvar dag, og at denne tek kun 90 minutter.

Søk eit vikariat, kom deg vekk frå byens mas, få ned pulsen. Opplev vår spektakulære natur både ved sjø og i fjell.

Sjå Gulen kommune si heimeside for meir informasjon: https://www.gulen.kommune.no/

Kontaktinformasjon

Harald Isdal Kvamme

klinikkleiar (tannlege)

Telefon:91750454

Agnete Norheim Kaldestad

områdeleiar tannhelse

Telefon:41644936

Om arbeidsgivaren

Tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under 24 år. Vi behandlar og personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved Tannhelsetenesta kompetansesenter – TkVestland, tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland. Tilsette i tannhelsetenesta i Vestland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).

Vestland fylkeskommune

👍 Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.
Ansök